main
news
we are
history
music
photo
press
guestbook
contacts
russian

 

Press

Lovar sigøynarspel sjølv trol vil elske

"FIRDA"

Førde: - Her I denne fredelege vesle byen skal vi lage ein liten sigøynersk revolusjon. Trolla skal spele fiolin og syngje sigøynar-toner når vi er reist, lovar Sergei Erdenko I den russiske gruppa Loyko.
Det osar sjølvtillit av den russiske musikaren frå Moskva der han sit sessa I resepsjonen på eitt av hotella I Førde. Om berre få minutt er han på veg til sitt første møte med festivalpublikummet.
Med to feler ein gitar og masse vokale harmoniar og sangar skal sindige nordmenn verkeleg få sving på seg, lova førehandsomtalane. Utanfor Sparebanken midt på dagen I går blei spådommen sanning. Det let melankolskt, sprelkt og var imponerande virtuost. Musikken til denne russiske kvartetten appellerer både til lått og tårer.
Byen I koppen
Sergey Erdenko har opplevd Norge to gonger før. Det har ikkje dei tre andre I gruppa. Naturen med den grøne skogen og dei mange vatna som viste seg frå lufta på veg mot Vestlandet onsdag, var overveldande.
- Det var flott å sjå denne vesle byen liggje her, I ein kopp I landskapet. Her er ingen klare skilje mellom by og fri natur. Det er vakkert, seier Sergei.
Musikkarv
- Loyko er mitt andre eg, seier Sergei Erdenko.
- Han er den absolutte leiar av gruppa Loyko. Nett no er dei fire, og ikkje alle er ein gong sigøynarar. Men musikkarven har dei alle.
Sigøynarmusikken er ein levande tradisjon som har gått frå far til son I mange hundre år bakover. Det er spesielle familiar som er musikarar.
- Musikken vår har eit russik preg. Det hindrar ikkjeoss I å ta opp element som har sitt opphav I USA eller Irland eller andre vestlege land eg har budd I på 90-talet, seier Erdenko.
Førdefestivalen er ein av dei mest kjende folkemusiikarrangementa I Europa, fortel Erdenko. Derfor var det ei aere å bli invitert, og han og gruppa hans trengde ikkje lang tid på å takke ja.

Bjarte Øvrebø


main | news | we are | history | music | photo | press | guestbook | contacts | russian

Loyko official site. All rights reseved. Copyright © Loyko 2001. Web-design&support NetClub&Ora Blank